Human-Etisk Forbund
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Human-Etisk Forbund er ein sekulær humanistisk norsk organisasjon som vart stifta av Kristian Horn i 1956.
Laget arbeider for å fremja humanisme og full religionsfridom i Noreg, og ønsker å fjerna den norske statskyrkjeordninga. Forbundet arrangerer òg sekulære overgangsseremoniar ved namngjeving, overgangen til vaksen, vigsel/partnarskap og gravferd.
Human-Etisk Forbund hadde 67 597 medlemmer i 2005. Etter Den norske kyrkja er det dermed det nest største livssynslaget i medlemstal.
Kristin Mile er generalsekretær, og Jens Brun-Pedersen er pressesjef.
[endre] Tidlegare generalsekretærar
Lars Gule var generalsekretær frå 2000 til 1. februar 2006.
[endre] Lenkjer ut
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |