Diskusjon:Idol
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eg har fleire gonger sett at deltakarane i Idol kallar seg kristne og undrar meg over korleis det er mogleg å ta del i eit program med eit namn og konsept som direkte bryt med det første bodet:
DU SKAL IKKJE HA ANDRE GUDAR ENN MEG.
—Dette usignerte innlegget vart skrive av Guten (diskusjon · bidrag)
[endre] Vanleg (folkeleg) tolking
Eg meinar at det no til dags ikkje er gjengs oppfatning at ordet idol er i tolkinga avgud. Så eg synst artikkelen her bør sjå noko ut som den engelske. Og er ikkje koblinga mellom idol og avgud særs avhengig av kva religion den som gjer tolkinga har? Her burde vi utvide... Driv å tenkjer på saka, men er ikkje noko fagmann her... Roger 10. april 2006 kl. 10:22 (UTC)
- Det er vel faktisk slik at «idol» så godt som aldri blir brukt på norsk med tydinga 'avgud', medan ein slik bruk har vore vanlegare på engelsk. Me har kanskje teke dagens tyding derfrå. Men eg er ingen ekspert, eg heller. -- Ranveig 10. april 2006 kl. 10:41 (UTC)
-
- Eg er frista til å skrive om litt; forslag:
-
- I kristendomen vert ordet brukt om gudebilete som ein dyrkar som ein avgud. -- Roger 10. april 2006 kl. 11:21 (UTC)
-
-
- Eg assosierer idol med nokon som ein ser opp til og truleg kjenner seg mindreverdig i høve til.
-
-
-
- Medan eit ideal er eigenskapar ein gjerne vil oppnå/tileigna seg sjølv, synest eg eit idol er noko uoppnåeleg som ein tilbed, men i positiv tyding, i motsetnad til det negativt lada ordet avgud.
-