Ingrid Kristiansen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingrid Kristiansen (f. 21. mars 1956) var i andre halvdel av 1980-åra den fremste langdistanseløparen i verda. Ho vart verdsmeister på 10 000 meter i 1987, og sette fem verdsrekordar på bane i karriera. I mange år hadde ho òg beste tid på maratondistansen (2.21.06) i verda.
Enno betre kjend er ho som maratonløpar, med sigrar i ei rekkje prestisjetunge løp, som i New York, Chicago, Boston og London.
Ingrid var òg ein veldig god langrennsløpar. Ho vart europamester i stafett for junior i 1974, og vant åtte NM i stafett.
[endre] Meritt i utval
- EM-gull på 10 000 meter 1986
- VM-gull på 10 000 meter 1987
- EM-bronse i maraton 1992
- 5 verdsrekordar i baneløp (5000/10 000 meter)
- Kongepokalen 1984-85
- 24 individuelle norgesmeisterskap i friidrett
Ho vart tildelt Morgenbladets Gullmedalje i 1986 og Egebergs Ærespris i 1990.