Israel Ruong
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Israel Ruong 1903-1986 var samisk språkforskar, og professor i samisk språk og kultur ved Uppsala universitet.
Israel Ruong vart fødd i Arjeplog, og hadde pitesamisk som morsmål. Han tok lærarutdanning i Luleå, og doktorerte på avhandlinga "Lappische Verbalableitung argestellt auf Grundlage des Pitelappischen" i 1943. Ruong vart professor i 1963.
Ruong arbeidde med ulike sider av samisk språk, særleg med morfologi. Han publiserte også fleire lærebøker, m.a. "Min sámegiella", som kombinerer lærebokas pedagogiske progresjon og grammatikken systematikk på ein fin måte.
Ruong var også oppteken av praktisk arbeid med språket, han var ma.a ein av mennene bak Bergsland-Ruong-rettskrivinga frå 1948.
[endre] Bibliografi
- Formlära (1957)
- Niilas ja su sii'da (1965)
- Dovdagat ja bargot (1967)
- Min sámegiella (1970)