Ivo Sanader
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivo Sanader, fødd 8. juni 1953 i Split, er ein kroatisk politikar, og statsminister i Kroatia sidan 23. desember 2003. Han leiar høgrepartiet Hrvatska demokratska zajednica (HDZ), (Den kroatiske demokratiske unionen), sidan 2002. HDZ er partiet til den nasjonalistiske presidenten i Kroatia på 1990-talet, Franjo Tudjman. Sanader har freista å distansera seg sjølv og partiet frå den nasjonalistiske fortida og gjera partiet til eit moderne europeisk høgreparti. Ved parlamentsvalet 23. november 2003 vart HDZ det største partiet med 33,9 % av røystene, og Sanader skipa regjering.
Føregjengar: Ivica Račan |
Statsminister i Kroatia (2003– )
|
Etterfylgjar: |
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |