Jåttåvågen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jåttåvågen er ein våg i Stavanger kommune, ved Jåttå i Hinna bydel. Frå 1970 til 1990-åra var området eit stort industriområde, med bygging av store Condeep - oljeplattformar i betong. Kring år 2000 og frametter har industriverksemda vorte trappa ned, og mykje bustadbygging skjer i området. Det er laga til ei båthamn og Viking Fotballklubb har bygd Viking Stadion.
[endre] Litteratur
- Per Christian Omvik og Tor Jørgen Stray Zahl Pettersen: Jåttåvågen; steds- og landskapsanalyse, Stavanger 1999. ISBN 82-91544-18-2