Jæren Folkehøgskule
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jæren Folkehøgskule er ein folkehøgskule som ligg på Kleppe i Klepp kommune på Jæren. Folkehøgskulen satsar på mellom anna undervisning innan frilufsliv, sosialfag og media. Skulen er ein frilynd folkehøgskule, utan kristen føremålsparagraf. Elles er skulen kjend for å ha ei vindmølle som produserer elektrisitet frå vindkraft. Skulen vart grunnlagd i 1899 av mellom anna Simon Øvretveit.