Jeff «Tain» Watts
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jeff «Tain» Watts (f. 20. januar 1960) er ein amerikansk trommeslagar.
Watts vart først kjend som trommeslagar i Wynton Marsalis sitt band i 1980-åra. Spelestilen hans var påverka av trommeslagarar som Tony Williams og Elvin Jones, og han spelte ei viktig rolle i å knytte Marsalis musikk opp til dei klassiske innspelingane Miles Davis gjorde i 1960-åra. Han har seinare spelt med mellom andre Branford Marsalis, Betty Carter og McCoy Tyner. Han har også gjeve ut fire plater som bandleiar.
[endre] Diskografi
- Megawatts (2004, innspelt i 1991)
- Citizen Tain (1999)
- Bar Talk (2002)
- DeTAINed at the Blue Note (2004)
[endre] Bakgrunnsstoff
- All About Jazz - intervju