Jerma
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jerma | ||
|
||
Utspring | Nær innsjøen Vlasina i Serbia | |
Munning | Nišava, nær Pirot i Serbia | |
Tilknytta land | Serbia, Bulgaria | |
Lengd | 74 km |
Jerma (serbisk kyrillisk: Јерма) eller Erma (bulgarsk kyrillisk: Ерма) er ei elv søraust i Serbia og vest i Bulgaria. Sjølv om ho ikkje er lengre enn 74 km er ho kjend for å krysse grensa mellom Serbia og Bulgaria to gonger. Ho munnar ut i elva Nišava, og er ein del av tilsigsområdet til Svartehavet.
Elva har sitt utspring i det søraustlege hjørnet av Serbia, i det underutvikla og lite folkesette området Krajište, mellom den kunstige innsjøen Vlasina og den bulgarske grensa. Ho renn nordaustover og kryssa grensa til Bulgaria i eit område kalla Znepolje.
I Bulgaria renn ho på austisda av fjellet Ruj, og elva skiftar her namn til Erma eller Transka reka etter den bulgarske landsbyen Tran. Etter ho passerar denne landsbyen renn ho gjennom juvet Transko zjdrelo (Tranjuvet), og møter like nedanfor den største sideelva si, Jablanitsa. Etter berre 26 km på den bulgarske sida, kryssar ho igjen grensa til Serbia. Her renn ho forbi fleire landsbyar og kloster før ho munnar ut i elva Nišava, søraust for Pirot. Elva har eit vasskraftpotensial, men dette er enno ikkje vorte utnytta.
[endre] Kjelder
- Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
- Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Jerma frå Engelsk Wikipedia.