Jockstrap
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jockstrap er ei sportsunderbukse for menn laga for å gje stor rørsleevne og minst mogleg varmeisolasjon.
Underbuksa består av ei elastisk linning med eit stykke stoff som dekker genitalia. Frå stoffstykket går det to elastiske band mellom låra og under setemuskelen til eit feste i linninga ved framparten av hoftebeina. Setet er bart.
Jockstrap er mykje brukt av utøvarar av amerikansk fotball, men kan også brukast under til dømes fotballshorts og motorsykkeldressar.
[endre] Sjå òg
- Suspensorium (susp)
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |