Johannes
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes (ofte forkorta Johs) er eit førenamn som kjem av hebraisk Joḥanan, som tyder «Gud er nådig». Namnet har svært mange ulike former, i Noreg til dømes Jo, Jon, Johs, John, Johans, Jens, Jøns, Jan og Hans. Frå engelsk har vi formane John, Johnny og Jonny. Andre former av namnet er Heinz (tysk), Juan (spansk), Giovanni (italiensk), Jean (fransk) og Ivan (russisk).
Det er i 2007 6 848 nordmenn som har namnet i den fulle forma Johannes. Vi finn fleire personar med namneformene Hans, Johan, Jon eller Jan. I 1900 var det 22 702 personar med namnet Johannes.
Jon og Johannes har namnedag ved jonsok, 24. juni.
[endre] Bibliske personar med namnet Johannes:
- Døyparen Johannes, (Evangeliet etter Matteus 3.11)
- Apostelen Johannes, bror til Jakob, son til Sebedeus (Evangeliet etter Matteus 4.21)
- Johannes Markus, medarbeidar for Paulus, son til Maria (Apostelgjerningane 12.12)
- Evangelisten Johannes, kjelde til Johannesevangeliet.
[endre] Kjende personar med namnet Johannes
- Johannes Gutenberg, boktrykkaren
- Johannes Paul I, pave
- Johannes Paul II, pave
- Johannes Kleppevik, artist
[endre] På verdsveven
- Søk etter norsk namnestatistikk for Johannes hjå Statistisk Sentralbyrå