John Fredriksen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skipsreiar John Fredriksen (f. 11. mai 1944) er Noregs suverent rikaste mann med ei formue på omlag 40 milliardar kroner.
Fredriksen er oppvaksen på austkanten i Oslo. Han har tent mesteparten av si enorme formue som skipsreiar. Fredriksen kontrollerar i dag verdas største VLCC-flåte (Oljetankskip), gjennom tankreiarlaget Frontline Ltd og verdas største flåte av LNG-skip gjennom Golar LNG Ltd. Fredriksen er kjend for å vere veldig risikovilleg, og har vore nær konkurs ved fleire høver. Fredriksen har den siste trappa ned tankreiarverksemda og investert store delar av formua i andre selskap. Han er i dag storeigar i oppdrettsselskapa Pan Fish og Fjord Seafood. Fredriksen har også satsa stort på Riggmarknaden gjennom SeaDrill Ltd. I tillegg er han storaksjonær i tørrbulkreiarlaget Golden Ocean Group. Fredriksen har også investert ein del midlar i fotballklubben Vålerenga.
Fredriksen er i dag busett på Kypros, og driv sine verksemder frå London, der han eig ein av byens mest verdifulle eigedommar.