Jorun Gulbrandsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jorun Marie Gulbrandsen (f. 13. oktober 1948) er ein politikar, pedagog og samfunnsdebattant frå Oslo. Ho var gift med Tron Øgrim frå 1969 til 1998, og er mor til Liv Gulbrandsen.
Gulbrandsen fullførte lærarskulen i 1971 og har seinare jobba både som lærar og lærebokforfattar. Ho vart medlem av Sosialistisk Ungdomsforbund (SUF) i 1965 og medlem av Kvinnefronten ved stiftinga i 1972. Ved valet i 1985 toppa ho lista til Raud Valgallianse i Oslo. I 1997 vart ho vald til leiar i Arbeidernes Kommunistparti, eit verv ho hadde fram til landsmøtet i 2006.
![]() |
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |