Julia Neuberger
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dame Julia Babette Sarah Neuberger, Baroness Neuberger (1950– ) er ein rabbinar, sosialreformator og medlem av House of Lords (Overhuset) i Storbritannia. Ho vart utdanna ved Newnham College i Cambridge og Leo Baeck College i London, der ho underviste frå 1977 til 1997.
Baronesse Neuberger var rabbinar i South London Liberal Synagogue frå 1977 til 1989 og er president i West Central Liberal Synagogue i London. Ho var òg leiar av Camden and Islington Community Health Services NHS Trust (1992–97) og tidlegare sekretær i og no eksekutivsjef av The King's Fund (sidan 1997).