Julius Cæsar Hartmann
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julius Cæsar Hartmann vart fødd i Selje den 2. mars 1885. Han døydde i 1969. Han var ein kjend kunstmålar som i mange år var den einaste i ytre Nordfjord som livnærte seg berre av måleri. Mange av måleria hans er av landskap. Han skal ha vore ei tid i Kanada og mange av motiva er herfrå. Etter at han kom heim frå Amerika arbeidde han ei tid som sjømann. Hartmann hadde i periodar svært dårleg råd og mange av måleria hans vart malte på oljedukar i staden for lerret. Dette har resultert i at mange av maleria har gått tapt ved at malinga flassar av.
![]() |
Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over kunstspirer. |