Kanariøyane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kanariøyane |
|
Fakta | |
Hovudstad | Las Palmas de Gran Canaria Santa Cruz de Tenerife |
Offisielle språk | Spansk |
Regionspresident | Adán Martín Menis |
Geografi | |
Flatevidd | 7 447 km² (Rangering 13) |
Folketal | 1 968 280 (2005) (Rangering 8) |
Folketettleik | 264,31 innb./km² |
Kanariøyane (spansk Islas Canarias /ˈiz.lɑs.kɑˈnɑrĭɑs/) er ei gruppe av sju vulkanøyar som ligg utanfor vestkysten av Afrika (Marokko og Vest-Sahara) og er ein sjølvstyrande region i Spania.
Namnet på øygruppa tyder 'Hundeøyane' og kjem frå den største øya, Gran Canaria, der ein stamme store og ville hundar skal ha gjort sterkt inntrykk på romarane som først vitja henne.
[endre] Historie
Øyane blei koloniserte av Spania i løpet av ein hundreårsperiode som tok til i 1402. Denne koloniseringa markerte byrjinga og sette eit mønster for den spanske erobringa av «den nye verda».
Det var Jean de Béthencourt, ein normannisk adelsmann underlagd Enrique III av Castilla, som først gjekk i land på Lanzarote. I løpet av fleire år nedkjempa han dei opphavlege innbyggjarane og innførte kristendommen på øyane.
[endre] Kjelder
- «Canary Islands» på Engelsk Wikipedia