Karakter
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein karakter er ein verdi på ein skala som blir brukt innan mange utdanningssystem for å måla prestasjonane til ein elev.
Innhaldsliste |
[endre] Karaktersystem i Noreg
[endre] Noverande karakterar
[endre] Grunnskule og vidaregåande skule
Per i dag (2007) vert elevar i grunnskulen (frå og med 8. klasse) og på vidaregåande skule vurderte på ein skala frå talet 1 (stryk) til 6. Karakterskalaen vert utfylt med +/- (pluss og minus) eller «delte karakterar» som 3/4 (tre til fire) og 2/3 (to til tre).
Karakterskalaen: 6 ---> 6- og 6/5 ---> 5+ og 5/6 ---> 5 ---> 5- og 5/4 ---> osb.
Til standpunktkarakterar vert det berre nytta «reine» karakterar.
[endre] Høgskulene og universiteta
Fra 2003 blei det innført ein bokstavskala, som ein internasjonalisering av dei norske karakterane. Den går fra A, som er det beste, til F, som er stryk.
[endre] Karakterer som blei brukt før
[endre] Grunnskulen
Fram til 1999 var det brukt bokstavkarakterar. Disse bokstavkarakterane kom fra gammelt av, og betydde føljande:
- Lg = Lite godt
- Ng = Nokså godt (omsett fra noget godt, men burde da blitt noe i staden for nokså, som har ein sterkare betydning.)
- G = Godt
- Mg eller M = Mykje godt
- Sg eller S = Sers godt
Innen orden og åtferd vart det berre gjeve tre karakterar:
- Lg = Lite godt
- Ng = Nokså godt
- G = Godt
[endre] Realskulane og gymnasa
I realskulen (8. til 9./10. skuleår) (erstatta av «linjedelt ungdomsskule» på 1960-tallet) og gymnaset (10./11. til 12./13. skuleår) (erstatta av høgare almennskuler/videregående skuler (vgs)) ble føljande karakterskala benytta:
- Ikkje = Ikkje tilfredsstillande (strykkarakter)
- Måt = Måteleg tilfredsstillande
- Ng («någen») = Någenlunde tilfredsstillande
- T = Tilfredsstillande
- M = Meget tilfredsstillande
- S = Særdeles tilfredsstillande
[endre] Høgskulane og universiteta
Fram til 2003 benytta høgskuler og universitet seg av ein karakterskala basert på tal, men som óg benytta desimalar. 1,0 var den beste, 4,0 var den siste ståkarakteren, og 6,0 var den dårlegaste.