Karasjok gamle kyrkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karasjok gamle kyrkje er ei trekyrkje i Karasjok kommune som blei bygt i 1807. Ho er den eldste attståande kyrkja i Finnmark, og var ein av dei få trebygga som sto igjen etter at store delar av Finnmark blei brunne ned under den andre verdskrigen.
Kyrkja blei etter kvart for lita for kyrkjelyden sin, og ho er blitt erstatta av Karasjok kyrkje, ei større trekyrkje inspirert av samisk byggekunst.
[endre] På verdsveven
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |