Karl XII av Sverige
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konge av Sverige og Noreg | 5. april 1697–30. november 1718 (formyndarregjering til november 1697) |
Føregjengar | Karl XI av Sverige |
Etterfylgjar | Ulrika Eleonora av Sverige |
Fødd | 17. juni 1682 i Stockholm |
Død | 30. november 1718 ved Fredrikshald i Noreg |
Gift med | Aldri gift |
Barn | |
Gravlagd | 26. februar 1719 i Riddarholmskyrkan i Stockholm |
Valspråk | Dominus protector meus (latin, 'Herren er min hyrde') Med Guds hjälp |
Karl XII (17. juni 1682–30. november 1718), latin Carolus Rex, var svensk konge frå 1697 til 1718. Han vart skoten ved Fredriksten festning i Fredrikshald (Halden). Han leia Sverige gjennom ei rad erobringskrigar. Saman med Gustaf II Adolf er han den mest kjende svenske krigarkongen. I Sverige kan han verta omtala som "hjältekonungen" eller "krigarkungen" Karl vart konge femten år gamal og reiste frå landet tre år seinare for å ta del i krigshandlingar i Europa. Ei stund vart Sverige ei leiande makt nord i Europa. Polen-Sachsen, Danmark-Norge, og Russland allierte seg for å gå til åtak på Sverige. Slik byrja Den store nordiske krigen. Ein trudde at sidan Karl XII var så ung, ville han ikkje kunna makta å organisera eit forsvar av landet.
Innhaldsliste |
[endre] Barndom og slekt
Karl XII vart fødd på slottet Tre Kronor den 17. juni 1682. Foreldra var Karl XI av Sverige og Ulrika Eleonora d.e.. Syskena var Ulrika Eleonora d.y.. Syskenborn var August II av Polen (August den Sterke), Frederik IV av Danmark-Norge og Frederik IV av Holstein-Gottorp.
[endre] Slag der Karl XII var med
- Slaget ved Narva - 20. november 1700
- Slaget ved Düna - 9. juli 1701
- Slaget ved Klissow - 9. juli 1702
- Slaget ved Pultusk - 21. april 1703
- Slaget ved Punitz - 28. oktober 1704
- Slaget ved Holowczyn - 4. juli 1708
- Slaget ved Poltava - 28. juni 1709
[endre] Litteratur
- Gunnar Grenander, "Karl XII:s död. Ett ögonvittnes berättelse bekräftas", Meddelanden från Armémuseum 1988
- Frans G. Bengtsson, Karl XII:s levnad (1935-36)
- Voltaire, Karl XII (1731)
- Bengt Liljegren, Karl XII: En biografi (2000)
- Rolf Uppström, Mysteriet Karl XII:s död (1994)
- Arthur Stille, Carl XII:s fälttågsplaner 1707–1709 (1908)
- Harald Hjärne, Karl XII: Omstörtningen i Östeuropa 1697–1703 (1902)
[endre] Bakgrunnsstoff
- Den store nordiske krigen og Karl XII
- Svensk Historisk Forskning
- Karl XII av Anders Wesslén
- Karl XII - hans liv och krig
- Karl XII av Björn Söder
[endre] Sjå òg
![]() |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |