Karl XVI Gustav av Sverige
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konge av Sverige | Frå 15. september 1973 |
Føregjengar | Gustav VI Adolf |
Etterfylgjar | |
Fødd | 30. april 1946 |
Død | |
Gift med | Silvia av Sverige |
Barn | |
Gravlagd | |
Valspråk | För Sverige - i tiden |
Karl XVI Gustav, på svensk Carl XVI Gustaf, fullt namn Carl Gustaf Folke Hubertus Bernadotte vart fødd den 30. april 1946. Han har vore konge av Sverige frå 15. september 1973. Han etterfylgde bestefaren Gustav VI Adolf av Sverige som konge. Han vart den 19. juni 1976 gift med Silvia Sommerlath.
Foreldra han var kronprins Gustav Adolf av Sverige og Sibylla av Sachsen-Coburg-Gotha. Kronprins Gustav Adolf omkom i ei flyulukke den 26. januar 1947.
Karl Gustav er busett på Drottningholms slott, like utanfor Stockholm. På fritida driv han mellom anna med jakt og bilkøyring. Karl Gustav er admiral i det svenske sjøforsvaret. I hæren og luftforsvaret er han general.
Karl Gustav si slekt har namnet Bernadotte. Slekta kom til Sverige med Jean Baptiste Bernadotte, som vart kong Karl III Johan av Noreg, og Karl XIV av Sverige.