Katabatisk vind
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katabatisk vind eller fjellbris er vind som bles ned ein skråning som ein ås, eit fjell eller ein isbre. Når slike vindar bles over store område vert dei av og til kalla fallvind. Det motsette er vind som bles oppover ein skråning, og dette vert kalla anabatisk vind.
Ein skil mellom vind som kjennes varmare enn omgivnadane (fønvind) og vind som er kjølegare (til dømes Mistralvinden i Middelhavet eller Boravinden i Adriaterhavet). Katabatisk vind referer til den kjølege typen.
Katabatisk vind oppstår når lufta vert avkjølt på toppen av eit fjell, isbre eller ein ås. Sidan tettleiken til luft aukar når temperaturen minkar, vil lufta strøyme nedover skråningen og bli varma opp adiabatisk. Den vil likevel halde seg relativt kald.
Kald katabatisk vind har ein ofte tidleg på natta når sola har gått ned og bakken byrjar å stråle ut varmestråling. Kald luft frå ekstratropiske syklonar kan medverke til denne effekten.
I Antarktis og på Grønland bles det kald katabatisk vind store delar av året.
[endre] Bakgrunnstoff
- McKnight, TL & Hess, Darrel (2000). Katabatic Winds. In , Physical Geography: A Landscape Appreciation, pp. 131-2. Upper Saddle River, NJ: Prentice Hall. ISBN 0-13-020263-0