Kawakawa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kawakawa er ein liten by som ligg i Northland på Nordøya på New Zealand. Folketalet var 1350 ved folketeljinga i 2006.
Byen er kjend for dei offentlege toaletta sine, teikna av den austerikske arkitekten Friedensreich Hundertwasser, som budde i byen frå 1975 til han døydde i 2000. Ein annan attraksjon i nærleiken er jonsokormgrottene (Kawiti Caves) ved Waiomio.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |