Ketil Stokkan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ketil Stokkan (fødd 29. april 1956) er ein norsk popartist frå Harstad. Han har arbeidd både som soloartist, og som songar i gruppa Zoo. I 1986 vant han den norske finalen i Melodi Grand Prix med songen Romeo, som ende som nummer 12 i den internasjonale finalen. I 1990 vant han den norske finalen i Melodi Grand Prix for andre gong med songen Brandenburger Tor. Den var kontroversiell fordi den handla om berlinmurens fall.