Khabarovsk kraj
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Hovudstad | Khabarovsk | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 3. 788 600 km² |
||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 35. ca. 1 420 000 (2005) |
||||
Føderalt distrikt | Fjerne Austen | ||||
Økonomisk region | Fjerne Austen | ||||
Regionsnummer | 27 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Viktor Ivanovitsj Isjajev | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +1000 |
Khabarovsk kraj, (russisk Хабаровский край) er eit territorium (kraj) i Russland og eit av dei 88 føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Khabarovsk, arealet er 788 600 km² og innbyggjartalet er 1 420 000 (2005).
Khabarovsk kraj ligg ved stillehavskysten, i den sentrale delen av det russiske fjerne austen. I sør har territoriet grense til folkerepublikken Kina, i aust ligg Okhotskhavet og Japanhavet - delar av Stillehavet. Over 70 % av territoriet er berglendt - høgste punktet, i fjellkjeda Suntar-Khajata, ligg 2 933 meter over havet. I sør renn elva Amur gjennom territoriet og ut i havet. Denne elva heiter Heilongjiang på kinesisk side. Den transsibirske jernbanen går gjennom området.
78 % av territoriet er skogdekt. Det fins store forekomstar av kol og tinn og uutnytta oljeforekomstar. Ellers fins det reservar av mange ulike metall, til dømes jern, gull og sølv. Berre omlag 8 % av arealet er jordbruksland - det vert dyrka litt kveite, havre, bygg, soyabønner og poteter her. Det er mange elvar og innsjøar i området, og det er eit populært reisemål for jegarar og fiskarar frå andre delar av Russland.
Etniske russarar er i klart fleirtal i befolkninga. Her bur òg nokre få representantar for ymse urfolk, som evenkar, evenar og nivkhar. Det fins òg ein minoritet av koreanarar.
[endre] Historie
Dei første russiske oppdagarane kom til dette området på midten av 1600-talet. Dei nådde Okhotskhavet i 1639 og bygde eit fort. I 1650 nådde oppdagaren Jerofej Khabarov elva Amur. Området er i dag oppkalla etter han. Russarane i dette området kom etter kvart i konflikt med kinesiske interesser, og i 1689 forlot russarane området rundt Amur under Nertsjin-avtalen.
På midten av 1800-talet kom russarane attende. Dei oppdaga at det gjekk an å segla opp Amur med havgåande skip, og i 1858 vart fortet Khabarovka - dagens by Khabarovsk - bygd ved Amur-elva. Grensa med Kina vart regulert ved ein avtale same år. Etter den russiske revolusjonen var Khabarovsk i hendene på kontrarevolusjonære styrkar - kvitegardistar - mellom 1918 og 1920. Den administrative eininga Khabarovsk kraj vart oppretta i 1938. I 1991 vart det Jødiske autonome området, som hadde vore underlagt Khabarovsk kraj, lausreve. Viktor Isjajev, frå partiet Sameint Russland (Jedinaja Rossija), har vore guvernør sidan 1991.
[endre] Eksterne kjelder
Khabarovsk kraj sine offisielle heimesider på russisk og engelsk
Kommersant artikkel på engelsk