Kingston upon Hull
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hull eller Kingston upon Hull er ein engelsk by som ligg på nordsida av munninga til Humberelva, og lenge har vore ein hamneby til Nordsjøen. Hull er eit eige administrasjonsområde omgjeve av East Riding-området i Yorkshire. Folketal i 2002 var 241.500.
Hull har eit eige universitet og er òg heimen til delar av universitetet i Lincoln. Han har òg fleire museum, som Wilberforce House, eit skipsfartsmuseum og eit gateliv- og transportmuseum.
Til forskjell frå dei fleste engelske busettingar med nemninga by (city) har Hull inga domkyrkje. I staden har Hull ei kyrkje til den heilage treeininga som skal vera den største sognekyrkja i England.
Humber Bridge i Hull er ei av dei lengste hengebruene i verda.
[endre] Kjende Hull-folk
- William Wilberforce, parlamentsmedlem og forkjempar for forbod mot å halda slavar
- Joseph Malet Lambert, tenkjar og reformatør av utdanning
- Amy Johnson, kvinneleg flygarpioner, den første som flaug åleine frå England til Australia
Tidleg på åttitalet hadde Hull eit livleg musikkliv, og produserte grupper som The Red Guitars, Jane's Plane, Bushfire, the Housemartins, og Everything But the Girl, som er kalla opp etter ein møbelbutikk i byen.
[endre] På verdsveven
- Byrådet i Hull (engelsk)