Kirsten Hansteen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirsten Hansteen (fødd Kirsten Moe, 5. januar 1903, død 17. november 1974)) var ein norsk politikar (NKP). Ho var gift med advokat Viggo Hansteen. Under den tyske okkupasjonen redigerte ho det illegale bladet Kvinnefronten. I 1945 vart ho konsultativ statsråd i samlingsregjeringa, som den første kvinnelege statsråden i Noreg. I samarbeid med Henriette Bie Lorentzen grunnla og utgav ho tidsskriftet Kvinnen og tiden i 1945, og var utgjevar fram til 1955. Ho representerte Akershus på Stortinget frå 1945 til 1949.