Kløyvd infinitiv
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kløyvd infinitiv er ei nemning for skiljet mellom a-infinitiv i verb som å vera, men e-infinitiv i verb som å kaste, eit skilje som er gjennomført i tradisjonelt folkemål austafjells og i Trøndelag, delvis òg i Ranværingsdialekt. Det same skiljet finst i nokre svenske dialekter, mellom dei Jamska.
Skiljet har rot i jamvektlova, ein regel om korleis uttalen har endra seg frå gammalnorsk til moderne norsk folkemål.
- Infinitivar med lang rotstaving i gammalnorsk - det vil seie lang vokal (í i bíta eller øy i høyra) eller kort vokal pluss lang konsonant (som i finna) - fekk etterkvart i folkemålet trykket samla på den lange rotstavinga, og endinga vart redusert til ein trykklett e (å kaste), om ho ikkje fall heilt bort ved apokope (å kast').
- Infinitivar med stutt rotstaving i gammalnorsk - det vil seie kort vokal og kort konsonant (å bera) - fekk jamvekt mellom rotstavinga og endringa, slik at vokalen ikkje vart redusert, men heldt seg som ein a ( å bera, å bæra eller å bårrå).
Denne jamvektregelen har verka frå Langesundfjorden i Telemark og Bykle i Setesdal nordover aust for Langfjella til litt nord for Molde, i Trøndelag og på indre Nord-Helgeland.
Verb med a-infinitiv etter kløyvd infinitiv kan vere:
- aka, baka, detta, eta, fara, flytta, gjera, koma, leva, lova, seia, selja, sitja, skipa, skjera, spela, tala, telja, vera, vita - men her kan det vere skilje mellom dialektane, og denne lista er ikkje komplett.
[endre] Kløyvd infinitiv i skriftspråket
|
||
Kløyvd infinitiv vart i nynorsk innført som sideform ved rettskrivinga av 1917, jamstilt med infinitiv på -a etter rettskrivinga av 1938. Frå 1959 har det vore ei tillaten sideform. Mellom anna Tarjei Vesaas, Tor Jonsson og Olav Duun har nytta kløyvd infinitiv i nynorsk.
I bokmålet var kløyvd infinitiv tillaten i 1938. Forma var sideform i læreboknormalen av 1959. Ved rettskrivingsendringane i 2005 vart kløyvd infinitiv tatt ut av bokmålet, sidan han har vore lite bruka i skrift. Nokre bokmålsforfattarar har bruka kløyvd infinitiv i noveller og dikt, mellom dei er Alf Prøysen, Hans Børli og Stein Ove Berg.
[endre] Kjelder
- Einar Lundeby og Ingavld Torvik, 1969: Språket vårt gjennom tidene
- Tanums store rettskrivingsordbok, 1979
- Olav T. Beito 1986: Nynorsk grammatikk