Kolding
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei gågate i Kolding | |
Lokalisering | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region |
Danmark Region Syddanmark |
Geografi | |
Flatevidd - By |
239 km² |
Innbyggjarar - By (2004) - folketettleik |
54 941 265/km² |
Koordinatar | 55°29′30″N, 09°30′00″E |
Høgd over havet | 50 m |
Diverse annan informasjon | |
Heimeside: www.koldingkom.dk |
Kolding er ein hamneby i Danmark ved Koldingfjorden i Region Syddanmark. Han er òg senteret i Kolding kommune. Byen er eit transport-, handels- og industrisenter, hovudsakleg retta mot skipsbygging. Andre viktig næringar er produksjon av maskineri og tekstilar, i tillegg til buskapseksport.
Med eit folketal på om lag 55 000 innbyggjarar er byen den sjuande største i Danmark.
I Kolding ligg det tidlegare kongelege slottet Koldinghus. Dette vart bygd på 1200-talet, og er i dag eit museum. Visse delar av slottet, som kapellet og spisesalen, vert stundom brukt til statlege seremoniar. Det var den kongelege residensen på Jylland. St. Nicolai kyrkja av stein er ei av dei eldste kyrkjene i Danmark, bygd på 1200-talet. Andre populære turistattraksjonar er Trapholt kunstmuseum og Geografisk Have. Trapholt inneheld samlingar av dansk kunst frå 1900, og eit mindre utval av utanlandske utstillingar.