Kolibri kapital
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kolibri kapital er ein norsk mikrokredittinstitusjon. Kolibri kapital låner ut heile sin aksjekapital til små mikrobankar i Afrika, Asia og Sør-Amerika. Desse står i sin tur for små utlån til fattige som har ein sunn forretningsidé, men som er avskore fra å låne i lokale bankar avdi dei ikkje kan stille trygging. Mikrokreditt og mikrofinans generelt har fått stadig fleire tilhengarar som ei særlig effektiv form for utveklingshjelp.
Kolibri kapital skal vera økonomisk sjølvbærande og har som mål å gje aksjonærane eit moderat økonomisk utbyte i tillegg til den sosiale avkastninga på investeringa.
Selskapet har sitt utspring i kyrkjelege miljø, men er livssynsnøytralt.