Konstruktivisme
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konstruktivisme er eit omgrep med fleire tydingar:
- Læringsteorien konstruktivisme. Innan pedagogikk er konstruktivisme ein læringsteori som hevdar at kunnskap ikkje overførast uendra frå lærar til elev, men at læring er ein aktiv prosess der kunnskap stadig skapast på nytt i ny samanhang.
- Abstrakt kunst. Innan kunst og arkitektur er konstruktivisme opphavleg ei russisk kunstretning frå byrjinga av 1900-talet med fokus på skaping av nye abstrakte kunstformar. Nyttast og som generelt omgrep for abstrakte kunstretninger.
- Konstruktivistisk filosofi. I filosofien er konstruktivisme eit syn på røynda (eller vår kunnskap om ho) som ein verdilada subjektiv konstruksjon heller enn ei passiv tilegning av objektive sanningar.
- Matematisk konstruktivisme. I matematikk hevdar konstruktivismen at eit matematisk objekt må finnast (eller kunne «konstruerast») før det er prova at det eksisterar.
- Politisk konstruktivisme. Innafor internasjonal politikk avviser konstruktivismen dei typiske liberalistiske og realistiske teoriane, og hevder at statane sine interesser har utgangspunkt i indentitet og internasjonale normer framfor den internasjonale strukturen.