Kryptografi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kryptografi er læra om lingvistiske og matematiske teknikkar for å sikre informasjon mot innsyn eller modifikasjon, oftast i samband med kommunikasjon. Ei historisk viktig side av kryptografi er kryptering, som vil seie å freiste å gjere ei melding uleseleg for andre enn dei ho er tiltenkt. Moderne kryptografi omfattar også teknikkar for å kunne verifisere at ei melding ikkje har vorte endra siden ho vart send, eller at ho har vorte send av ein autorisert sendar; dette vert mellom anna brukt i system som elektronisk signatur og digitale pengar.
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |