KS
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
KS (tidlegare Kommunenes Sentralforbund) er interesseorganisasjonen for kommunane i Noreg. Organisasjonen tar vare på arbeidsgjevarinteressene i tarifforhandlingane med arbeidstakarane i kommunane. Samstundes samlar organisasjonen kommunane i forholdet til Staten.
Norske Kommuners Sentralforbund var namnet på organisasjonen då Norges Byforbund og Norges Herredsforbund blei samanslutta i 1972. Forhandlingsorganisasjonen blei ei avdeling i den nye organisasjonen.
I 1988 endra organisasjonen namnet til Kommunenes Sentralforbund.
Landstinget i KS vedtok 28. januar 2004 å forkorta namnet til KS, som er det offisielle namnet som no skal brukast.