Kupa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kupa | ||
|
||
Utspring | Razloge i Gorski kotar i Kroatia | |
Munning | Sava ved Sisak i Slovenia | |
Tilknytta land | Kroatia, Slovenia | |
Lengd | 296 km | |
Høgd over havet ved utspring | 313 m | |
Middelvassføring | 283 m³/s | |
Nedslagsfelt | 10 032 km² |
Kupa (slovensk Kolpa) er ei elv i Kroatia og langs grensa til Slovenia. Ho har sitt utspring i fjellområdet Gorski kotar, nordaust for Rijeka, i Risnjak nasjonalpark. Ho renn nokre kilometer austover, og mottek den litle elva Čabranka frå venstre, før ho når grensa til Slovenia.
Ho held fram vidare austover, og får elva Lahinja frå venstre, passerar Vrbovsko, og renn så bort frå den slovenske grensa. Ho når så fram til byen Karlovac, der ho mottar to elvar frå høgre, Dobra og Korana. Kupa renn vidare austover og renn i hop med Glina frå høgre i tillegg til Odra frå venstre. Ved byen Sisak munnar ho ut i elva Sava.