KV «Svalbard»
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
KV «Svalbard» er eit av dei største og nyaste fartya i Kystvakta. Ho har eit mannskap på 40 befal og 42 vernepliktige fordelt på to besetningar. Fartyet er ein havgåande isbrytar med kapasitet til å ta skip opp til 100 000 tonn på slep. Fartyet er utstyrt med ABC-vernekapasitet og kan «stenge ned» ventilasjonen for å operere over lengre tid i område som er ureina av kjernefysisk våpenbruk. Hovudoperasjonsområdet til fartyet er det nordlege Barentshavet og ho tilhøyrer Ytre Kystvakt ved Kystvaktskvadron Nord.
Innhaldsliste |
[endre] Fakta
- Besetning farty: 20 befal og 28 vernepliktige (avvik frå tala over kan skuldast andre turnusordningar for meinige)
- Besetning helikopter: 4 stk
- Lengd over alt: 103,8 m
- Største breidd: 19,1 m
- Deplasement: 6500 t
- Største djuptgåande: 6,5 m
- Maks fart: 17 knop
- Marsjfart: 12 knop
[endre] Historie
Det var ein lang prosess å få bygd KV «Svalbard», og fartyet byggjer på lang erfaring og mykje utvikling innanfor Kystvakta.
- Åra 1989–1993: Forstudie.
- 1. august 1993: Starta formelt som eige prosjekt i Sjøforsvarets Forsyningskommando (SFK).
- 28. september 1994: Namnet KV «Svalbard» bestemt.
- 15. desember 1999: Inngåing av kontrakt.
- 5. mai 2000: Brennestart av stålplater.
- 9. august 2000: Start av kjølstrekkjing.
- 17. februar 2000: Skroget vart sjøsett.
- 20. februar 2001: Skroget kom til Langsten, sør av Molde.
- 15. desember 2001: Overtaking og dåp.
[endre] Helikopter
KV «Svalbard» har hangar til to helikopter og helikopterdekk. Helikopteret er av typen Lynx og høyrer til 337-skvadronen stasjonert på Bardufoss. Helikopterparken er under vurdering for erstatting.
[endre] Ekstern lenkje
[endre] Kjelder
![]() |
Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over militærspirer. |