Kvark
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein kvark er i partikkelfysikken ein elementærpartikkel som andre partikklar, så som nøytronar og protonar er oppbygde av. Etter det ein veit i dag er kvarkane saman med leptonane dei minste byggesteinane i naturen.
Det finns seks ulike kvarkar fordelt på tre par: opp/ned, sjarm/sær og topp/botn
Kvarkane opp, sjarm og topp er av opp-type og reknast for å ha ei elektrisk ladning på +2/3e , medan kvarkane ned, sær og botn er av ned-type og reknast for å ha ei elektrisk ladning på -1/3e . Proton og nøytron er kombinasjonar av tre kvarkar. Proton har ladning (+2/3e, +2/3e, -1/3e) = (+1e), medan nøytrona har ladning (+2/3e, -1/3e, -1/3e) = (0e)
Navnet kvark fekk partikkelen av Murray Gell-Mann i 1964. Ordet er eit tulleord som vart brukt i romanen Finnigans`s Wake av James Joyce: "Three quarks for Muster Mark!"
[endre] På verdsveven
![]() |
Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over fysikkspirer. |