Kvitøya
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvitøya | |
---|---|
Areal | 682 km² |
Herav isbre | 675 km² |
Omkrins | 119 km |
Høgaste punkt | |
Område | Svalbard |
Kvitøya er ei øy som utgjør ein del av Svalbard. Øya ligg i Barentshavet aust for Nordaustlandet. Øya er nesten heilt dekka av is, derav namnet. Det er bare isfritt på vest- og nordpynten av øya. Arealet er er ca. 700 km²
Øya blei fyrste gong sett av nederlenderen Cornelis Giles i 1707.
Heile øya er ein del av Nordaust-Svalbard naturreservat.
Sommeren 1930 kom mannskapet på fangstskuta «Brattvåg» over ein seglduksbåt på Kvitøya. Dette viste seg raskt å vera restane etter ballongekspedisjonen til svensken Salomon August Andrée. I 1897 hadde han som mål å nå nordpolen med denne ballongen. Levningane etter ekspedisjonsmedlemmene blei funne på den isfrie vestpynten av øya. Mannskapet hadde ikkje utstyr for å klare seg gjennom vinteren og omkom hausten 1897.
[endre] På verdsveven
- Kvitøya hos Svalbard Images