Kwaspråk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kwaspråka blir snakka i dei sørauste delane av Elfenbeinskysten, i Ghana, Togo og Benin, og det sørvestre hjørnet av Nigeria. Namnet vart danna i 1885 av Krause og brukt av Westermann (1952) og Greenberg (1963). Det er avleidd av ordet for 'folk' i mange av kwa-språka, ord som inneheld rota kwa. Kwa-språka er ei grein av Volta-Kongo og som på si side er ei gren av Niger-Kongo.
Bennett & Sterk (1977) har argumentert for at Kwa opprinneleg ikkje var ei gruppe av slektspråk, og dei gjer framlegg om å dele Kwa-språka inn i tre grupper, yorubaspråk, igbospråk, medlemmar av Benue-Kongospråka, og dei «eigentlege» kwaspråka. Denne delmengda av kwaspråka blir no og då kalla for «nye kwa».
Kwaspråka kan delast inn i to grupper, Nyo og vestbreiddespråk. Nyoguppa inneheld ca. 50 språk, framfor alt snakka i Ghana og sørlege Elfenbeinskysten, m.a. Akanspråka, Ga-Dangmespråka, Anyi, Baule, og Potou-Tanospråka (m.a. Guangspråk og Logbaspråk).
Resten av Kwaspråka blir kalla vestbreiddespråk fordi dei blir snakka pa vestsida av Voltaelva i Ghana, Togo, Benin og sørvestre Nigeria. Av desse ca. 25 språka er Gbespråka den største gruppa, med ca. 5 millionar talarar; andre språk er Avatime, Nyangbo-Tafi og Animere.
[endre] Sjå også
- Kruspråk
- Gurspråk
[endre] Kjelder
- Bennett, Patrick R. & Sterk, Jan P. (1977) 'South Central Niger-Congo: A reclassification'. Studies i African Linguistics, 8, 241–273.
- Hintze, Ursula (1959) Bibliographie der Kwa-Sprachen und der Sprachen der Togo-Restvölker (mit 11 zweifarbigen Sprachenkarten). Berlin: Akademie-Verlag.
- Stewart, John M. (1989) 'Kwa'. In: Bendor-Samuel & Hartell (eds.) The Niger-Congo languages. Lanham, MD: The University Press av America.
- Westermann, Diedrich Hermann (1952) Languages av West Africa (Handbook av African Languages Part II). London/New York/Toronto: Oxford University Press.
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |