Landslaget for spelemenn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Landslaget for spelemenn (LfS) er den største folkemusikk og -dansorganisasjonen i Noreg. Laget har over 5000 medlemmer og rundt 150 lokal- og fylkeslag rundt heile landet. LfS gjer ut Spelemannsbladet og arrangerar og driv mellom anna:
- Landskappleiken
- Landsfestivalen
- Folkemusikkscena
- Folkelarm
I tillegg til desse er lokallag i LfS eigarar og tydelege drivkrefter bak arrangement som
- Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
- Jørn Hilme-Stemnet
- Mokurset
- Strunkeveko
- Ungfolk
Føremålet med Landslaget for Spelemenn er å vere ei drivkraft innan utbygginga av ulike utdanningstilbod innan folkemusikk, samstundes som dei er ein interesseorganisasjon for amatørbaserte og profesjonelle folkemusikarar. Fleire profilerte folkemusikarar er medlem i LfS.