Landssamanslutninga av nynorskkommunar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er ei samanslutning av kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak. Føremålet er å fremja nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd.
Skipingsmøte for LNK vart halde på Bryne 16.–18. juni 1993, med 86 kommunar som medlemmer.
Per 1. februar 2005 hadde LNK 102 medlemmer: 92 kommunar, 3 fylkeskommunar og 7 interkommunale selskap. LNK meinar det er minst 25 kommunar og 3 fylkeskommunar som òg burde vera med i organisasjonen.
Dagleg leiar Vidar Høviskeland (2005) er einaste fast tilsette. Jan Magne Dahle er styreleiar (2005). LNK gjev ut LNK-avisa 6 gonger i året (første gong i mars 2002) og driv nettstaden lnk-nytt.no.