Lausitzerfjella
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lausitzerfjella (tsjekkisk: Lužické hory, tysk: Lausitzer Gebirge) er ei fjellkjede i Sudetane, på den søraustlege grensa av Tyskland og Tsjekkia, aust for elva Elbe, og ei forlenging av Erzgebirge, som ligg vest for Elbe. Lausitzerfjella er sjølv ei forlenging av Sudetane frå Böhmen og Moravia, som er forbunde med Karpatane. Det tilstøtande området i søraust Tyskland heiter Lausitz.
Den høgaste toppen er Luž (Lausche) på 793 m. Andre fjelltoppar er Pěnkavčí vrch (Finkenkoppe) 792 m, Jedlová (Tannenberg) 774 m, Klíč (Kleis) 760 m, Hvozd (Hochwald) 750 m og Studenec (Kaltenberg) 736 m.
[endre] Lenkjer ut
[endre] Kjelder
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lusatian Mountains frå Engelsk Wikipedia.