Lendmann
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lendmann (norrønt lendr maðr), er ein stormannstittel frå norrøn tid. Lendmann var den høgaste rangen i hirden, berre under jarl. Den nøyaktige funksjonen til lendmennene endra seg truleg over tid. Lendmenn skulle mellom anna kreva opp skattar på vegner av kongen, der ein viss del gjekk til dei sjølv. Tittelen er først nevnt i skaldekvad frå Olav den heilage si tid. Under Magnus Lagabøte fekk dei norske lendmennene tittelen baron.
Tittelen lendmann har ikkje noko samband med lensmann, som var ein tittel som oppsto i dansketida.
![]() |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |