Limassolsjøen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Limassolsjøen | |
---|---|
Koordinatar | |
Tilknytta land | Kypros |
Overflateareal | 10,65 km² |
Største djup | 1 m |
Høgd over havet | 0 m |
Busetnadar | Limassol |
Limassolsjøen (òg kalla Akrotirisjøen) er ein saltsjø søraust for byen Limassol på Kypros med eit areal på 10,65 km². Det lågaste punktet er 2,7 meter under havnivå, og på det djupaste er innsjøen berre 1 meter djup. [1] Geologar meiner at innsjøen vart danna ved at småøyar utafor kysten av Kypros vaks i hop. [2]
Sjølve innsjøen vert rekna som eit av dei viktigaste våtmarksområda aust i Middelhavet. Det at 50 % av innsjøen er mindre enn 30 cm djup trekk til seg tusenvis av trekkfuglar som stoppar her på veg nordover eller sørover. Ein har estimert at mellom 2 000 og 20 000 flamingoar held til her i vintermånadane. [3]
Innsjøen ligg innafor grensene til det britiskstyrte området Akrotiri. I 2003 skapte det britiske militæret bråk då dei reiste to enorme antenner som ein del av overvåkinga deira av Midtausten.[4] Lokale og europeiske miljøvernsaktivistar frykta at dette skulle forstyrre det skjøre økosystemet. [5][6]
[endre] Kjelder
- ↑ Σημαντικές Περιοχές για τα Πουλιά της Κύπρου (Viktige område for fuglar på Kypros), av Ζώτος Σάββας.
- ↑ School of Ocean and Earth Science, National Oceanography Centre, Southampton University, UK [1]
- ↑ Birdlife International
- ↑ Cyprus Mail - Fredag, 3. desember 2004)
- ↑ EFGP 3rd Congress, Berlin, Tyskland, 17-19. mai 2002
- ↑ Nyhendebrev frå Birdlife Cyprus