Linda Grubben
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linda Grubben (som ugift Linda Tjørhom) (f. 13. september 1979) i Stavanger) er ein tidlegare norsk skiskyttar på elitenivå. Ho vaks opp på Tjørhom, i Sirdal kommune. VM 2007 vart eit suksessrikt meisterskap for Grubben, ho tok med seg tre medaljar, eit gull, eit sølv og ein bronse heim til Noreg. Linda Grubben gjorde det offentleg 11. februar 2007 at ho legg opp som skiskyttar med umiddelbar verknad.
[endre] Bakgrunn
Linda Tjørhom gjekk på Sinnes skule i 9 år, og sykla ofte til skulen. Slik la ho grunnlag for ei idrettskarriere. Ho byrja med skiskyting då ho var kring 12 år gamal, då hadde ho allereie drive med langrenn ein god del år.
Etter grunnskulen flytta ho 3 mil til kommunesenteret Tonstad, for å gå på skigymnaset Sirdal VGS. Det var her ho møtte læraren Roger Grubben, som ho seinare vart sambuar og gifta seg med. Som elev ved Sirdal VGS fekk ho ei god utvikling i sporet, og ikkje minst på standplass der hennar styrke låg. Ho tok eit fjerde år ved skulen for å kunna konsentrera seg meir om skiskyting, og samstundes få gode karakterar. Seinare vann ho gull i junior-VM på stafett, saman med mellom anna Gro-Marit Istad Kristiansen.
Tjørhom har vore på det norske elitelaget frå 2000. Samstundes som ho har satsa på skiskytinga har ho utdanna seg som førskulelærar, ved høgskolen i Sør-Trøndelag. Seinare har skiskyttaren flytta attende til Sirdal, der ho og Roger har bygd seg hus. Roger Grubben er no trenar for herrelandslaget i skiskyting.
[endre] Merittliste
oppdatert 11/02-07
Berre Topp 3 plasseringar er tekne med. Både stafettresultat og individuelle resultat vert medrekna.
Olympiske leikar
- 1 sølv (2002)
VM i skiskyting
- 2 gull (2004, 2007)
- 2 sølv (2006, 2007)
- 2 bronse (2005, 2007)
Junior-VM i skiskyting
- 1 gull (1997)
- 3 sølv (Eit i 1998 og to i 1999)
- 1 bronse (1999)
Verdscupen i skiskyting, enkeltrenn
- 12 sigrar
- 7 andreplassar
- 14 tredjeplassar