Liv Signe Navarsete
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Foto: Eivind frå Wikimedia Commons
Liv Signe Navarsete (f. 23. oktober 1958) er andre nestleiar i Senterpartiet (sidan 2001). Ho kjem opphavleg frå Sogndal kommune i Sogn og Fjordane, men har busett seg i Lærdal. Navarsete er samferdselsminister i regjeringa Stoltenberg II.
Navarsete er gruppeleiar for Senterpartiet i fylkestinget (i Sogn og Fjordane), vararepresentant til Stortinget (sidan 2001), og nyleg oppnemnd til distriktskommisjonen. I tillegg til dette sit ho i konsernstyret i Gjensidige Nor Forsikring, er styreleiar i Vestlandsforsking og arbeider som sjølvstendig næringsdrivande.
Ved stortingsvalet 2005 vart Navarsete veld inn på Stortinget som representant frå Sogn og Fjordane. Måndag 17. november 2005 sa ho frå seg stortingsplassen (til Erling Sande) etter å ha vorte utnemnd til Samferdsleminister i den raudgrøne regjeringa.
Navarsete vart første gong medlem av Senterpartiet, då ho, som representant for foreldreutvalet, skulle overtyde Senterparti-gruppa i det lokale kommunestyret om ikkje å legge ned ein skuleklasse. Skuleklassen vart ikkje lagt ned, medan Navarsete året etter stilte til liste til kommunestyrevalet.
[endre] Viktige hendingar
- Laurdag 29. oktober 2005 - Opna sin første veg som samferdsleminister
[endre] Peikar ut
- Liv Signe på nett - Liv Signe si politikarnettside