Lover om kjøp og sal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjøp og sal er ei spesiell form for avtalar, som er regulert av spesielle lover.
Handel med lausøyre mellom privatpersonar eller mellom næringsdrivande er vanlegvis regulert av kjøpslova, som definerer rettar og plikter for både kjøpar og seljar.
Dersom seljaren er næringsdrivande og kjøparen er ein forbrukar, er det forbrukarkjøpslova som gjeld. Den gjev betre vern av forbrukaren sine rettar enn kjøpslova.
For handel med fast eigedom (og diverse andre typar handel) gjeld ei anna lov, som vert kalla avhendingslova. Den fastset dei juridiske rammene for sal og -kjøp av mellom anna bustader, dersom desse bustadene har vore i bruk tidlegare. Men ved kjøp og sal av bygningar som enno ikkje er ferdig oppført, gjeld først og fremst bustadsoppføringslova.
Det finst òg ei avtalelov, men den er svært generell og seier lite eksplisitt om kjøpsrett for dei einskilde typene av kjøp.
![]() |
Denne rettsvitskaplege artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over rettsvitskapsspirer. |