Ludvig Mathias Lindeman
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ludvig Mathias Lindeman (28. november 1812—23. mai 1887) var ein norsk komponist, organist og folkemusikksamlar fødd i Trondheim. Han var den første i Noreg som begynte å samle inn folkemusikk systematisk.
Far hans var konsertpianist. Lindeman hadde studert både teologi og musikk og var organist i Vor Frelsers Kirke (no Oslo Domkyrkje) i Oslo i 47 år. Han samla mesta 2 000 norske folkemelodiar. Saman med sonen Peter grunnla han Musikkonservatoriet i Kristiania som seinare vart Norges musikkhøgskole.
I åra 1853–67 gav han ut Ældre og nyere norske Fjeldmelodier. Samlede og bearbeidede for Pianoforte i tre band. Desse hefta inneheld folkemusikk for song, hardingfele, bukkehorn, langeleik og fleire. Desse melodiane var alle arangerte for piano, slik at stykka miste mange av dei stiltypiske detaljane i norsk folkemusikk, noko som førte til kritikk frå flere kantar — m.a. frå Edvard Grieg, sjølv om Grieg brukte materialet i hefta for sine eigne komposisjonar. I originaloppteikningane har Lindeman likevel registrert både uvanlege intervall og rytmiske detaljar. I 1907 vart eit siste hefte i samlinga utgjeve av sonen Peter.
Ludvig Mathias Lindeman døydde 75 år gammal i Christiania den 23. mai 1887. Han vart gravlagd ved Vor Frelsers Kirke i Christiania. I 1912 vart det reist ein byste av Lindeman ved kyrkja.
[endre] Kjelder
![]() |
Denne artikkelen om ein musikar er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over musikarspirer. |