Møllehøj
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Møllehøj | ||
---|---|---|
|
||
Høgd over havet | 170,86 | |
Ligg i/på | Danmark |
Møllehøj er det høgaste naturlege punktet i Danmark. Møllehøj er 170,86 meter høg og ligg tett ved Ejer Bavnehøj.
Høgda vart først allmennt kjend i februar 2005 då nye oppmålingar viste at det er det høgaste punktet i landet. Inntil då trudde ein at enten Yding Skovhøj eller Ejer Bavnehøj var Danmark sitt høgaste punkt. Desse to høgdene si naturlege høgde er høvesvis 9 og 51 cm lågare enn Møllehøj.
I det samme området er det heile fem menneskeskapte gravhaugar frå bronsealderen som er høgare enn Møllehøj. Den høgaste av desse er Yding Skovhøj - eller meir presist: den midtre gravhaugen i Yding Skov med 172,52 m.