Maurits Hansen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maurits Christopher Hansen (5. juli 1774–16. mars 1842) var ein norsk romantisk forfattar, lærebokforfattar, lærar og skulestyrar.
Han var fødd den 5. juli 1794 på Modum, der faren var prest, men flytta til Porsgrunn i 1776. Hansen blei utdanna i Christiania og arbeidde som lærar i Trondheim før han blei skulestyrar ved Kongsberg Middelskole.
Hansen hadde ein stor litterær produksjon, og blir rekna som skaparen av den norske romanen, forfattaren av den første norske bondeforteljinga, «Luren», der Carl Møllmann reiser igjennom Gudbrabdsdalen. Han forteljer om to ungdommar som elskar kvarandre, og som har barn saman, men som ikkje får lov til å gifte seg p.g.a. sosiale forskjellar. Han blir òg sett på som forfattaren av verdas første kriminalroman: Mordet på maskinbygger Roolfsen. Kriminalanekdote fra Kongsberg (1839) kom ut to år før The Murders in the Rue Morgue av Edgar Allan Poe, som gjerne blir rekna som verdas første verkelege litterære krimgåte.
[endre] Lenkjer ut
[endre] Kjelder
- «Mauritz Hansen på Bokmålswikipediaen
- Nordberg, Nils. Døden i kiosken. Knut Gribb og andre heftedetektiver.
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
![]() |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. |
Oversyn over litteraturspirer. |