Max Weinreich
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Max Weinreich (fødd 1893/94 i Kuldiga i Latvia; død 1969 i New York) var ein lingvist som hadde spesialisert seg på jiddisch.
I 1925 grunnla han instituttet YIVO (yidisher visnshaftlekher institut) i Vilnius. Dette institutten flytta han til New York i 1940.
Max Weinreich er mest kjend som opphavsmannen til det kjende sitatet om kva som er skilnaden mellom eit språk og ein dialekt:
"Eit språk er ein dialekt med ein arme og ein marine" ("אַ שפראַך איז אַ דיאַלעקט מיט אַן אַרמײ און פֿלאָט", "A shprakh iz a dialekt mit an armey un flot"). Dette sitatet stod i ein artikkel som han skreiv i bladet yivo bleter, Januar-Juli 1945, S. 13. Der skreiv han at ein av studentane hans hadde sagt det.
Sonen hans, Uriel Weinreich, har skrive ein av dei viktigaste tospråklege ordbøkene, Modern Yiddish-English English-Yiddish Dictionary, og han har også skrive om språkkontakt.