Midt-Telemarkrådet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Midt-Telemarkrådet er eit samarbeidsorgan samansett av ordførarar, rådmenn og ein politiker frå opposisjonen i kvar av kommunane Bø, Nome og Sauherad. Det blei etablert i 2002, og skal: - arbeide for felles interesser overfor fylkeskommunane, fylkesmannen, stat og næringsliv. - arbeide for samordning og effektivisering av den kommunale tenesteytinga. - arbeide for utvikling av næringsliv og kulturliv i regionen. - profilere regionen som eit attraktivt buområde og ein attraktiv arbeidsmarknad. - arbeide for berekraftig utvikling i regionen i tråd med Fredrikstaderklæringa.